Randi Nygård:
Isbreen pustar mens vi leitar etter den arktiske tåka

16. februar – 12. mars 2017

  • Gratis inngang
Randi Nygård Isbreen pustar 2017 244 detalj

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård er interessert i usynlege, tilfeldige eller irrasjonelle samanhengar.

Hennar collagar tek ofte utgangspunkt i fakta som set språk, material, natur og samfunn saman. O mriss av rom, figurar og mønster vert skåre ut av fotografi, bøker, bakpå speglar eller i tidsskrift. Slik møtest delar av landskap, historie, tid, stada og mennesker i ei blanding av figurasjon og abstraksjon. I dei skulpturelle b økene vert dei tidlegare skilde sidene bretta utover i kvarandre og nye komplekse møte vert skapte mellom bileta. I speglarbeida vert publikum sett inni tomrommet etter naturkatastrofar, utryddningstrua planter og mønster av tid.

I frottage-teikningar framkallar Nygård bilete ved å dra kol over tynne ark som er lagt over ulike objekt. Bileta tek utgangspunkt i kunnskap og idear frå våre språk, men oppstår ved hjelp av tinga og materiala sine former, eigenskapar og uttrykk. Spor i framsidene på leste bøker vert til små bilete i landskapsformat. I andre teikningar trer linjer i ulike personar sine panner fram i skyer av kol. Kunstnaren har òg vore oppe på isbreen Folgefonna og laget frottagar der kol og is møtest, som del av serien Svart karbon dannar skyer, driv i vind og fell til jord.

Fleire verk ser på den språklege og visuelle koblinga mellom ord som liknar på kvarandre. Careful Managment and Study of Relations tek utgangspunkt i økonomi og økologi og verket Strek - struktur – Rikoll, september - desember 2016, blandar veksten til Nygård sin son med årstidene sine fargar ved at ho har gjenteke ein strek etter ein annan med dei feil og humpar som då oppstår tilfeldig. Inspirasjon til verket er at ord som byrjar på str er noko langt og tynt,for eksempel strek, stripe, stråle, strømpe, strå osb.

Nygård har óg blitt inspirert av at isbrear pustar og av at biologisk liv fell frå himmelen og at tid kanskje ikkje er ein konstant og fundamental struktur som berre går av seg sjølv, men at den kjem til mellom ting. I skjæringspunktet mellom den fysiske verda og bileta, det flate og det romlege, det figurative og det abstrakte, det vitskaplege og det poetiske, det politiske og det formale finst der eit ynskje om å sjå verda på ein meir open men òg samanhengande måte.

Randi Nygård (f. 1977) bur og arbeider i Oslo og Berlin. Hun er utdanna ved Konsthögskolan i Malmö (2005) og Kunstakademiet i Trondheim (2006). I 2014 mottok hun Statens femårige arbeidsstipend. Utstillingen er støtta av BKHs produksjonstipend, Statens utstillingsstipend, Billedkunstnernes vederlagsfond, Kulturrådet og Ingrid Lindbäck Langaards stiftelse. I 2016 ble Nygård også tildelt BKHs produksjonsstipend av TSSKs kunstfaglige råd.

Stor takk til Karolin Tampere, Lisa Holmgren, Folgefonni Breførarlag, Marita Kråkevik Nygård, Anna Aakre Kråkevik, Torbjørn Sørensen, Oskar Aglert, Munan Øvrelid, Sigmund Skard, Helene Kjær Bremseth, Jack Kohler ved Norsk Polarinstitutt, Klemens Weisleitner ved Universitet i Innsbruck, Østerrike og Ha gen Telg ved National Oceanic and Atmospheric Administration, USA og til Tara Ivanochko og David Cassis ved Phyto'pedia The Phytoplankton Encyclopedia Project University of British Columbia ( www.eoas.ubc.ca/research/phytoplankton/ phytoplankton/) for bilete av plankton og Nikolaj Scharff og Dimitar S. Dimitrov, Universitetet i København og Universitetet i Oslo for bruk av bilete av Saintpaulia i sitt naturlege habitat.

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 242

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 238

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 239

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 243

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 261

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 129 1

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 238

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 239

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 243

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 261

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Randi Nygård Isbreen pustar 2017 129 1

Foto: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Kommende utstillinger

Kalender

  • 2
    Utstillinger
  • 11
    Arrangement
  • 13
    Alle
  • 2
    Utstillinger
  • 11
    Arrangement
  • 13
    Alle
Smykker 85 21 2021 TSSK 036 1

05. desember kl. 12:00 kl. 15:00

Arrangement

Drop-in smykkeverksted med KunstØrn

05.12.2021 kl. 12:00 kl. 15:00
Arrangement
01 Emil Gustafsson

18.11.2021 – 19.12.2021

Utstillinger

Smykker 85-21: New thinking, new materials

18.11.2021 – 19.12.2021
Utstillinger
06

07. november kl. 12:00 kl. 15:00

Arrangement

Drop-in SkulpturLAB for barn

07.11.2021 kl. 12:00 kl. 15:00
Arrangement
06 1

31. oktober kl. 12:00 kl. 15:00

Arrangement

Drop-in SkulpturLAB for barn

31.10.2021 kl. 12:00 kl. 15:00
Arrangement
Gresskarlykt event

27. oktober kl. 18:00 kl. 21:00

Arrangement

Gresskarlykt-workshop / Jack-o-Lantern Carving (voksne)

27.10.2021 kl. 18:00 kl. 21:00
Arrangement
Andrea Scholze

07.10.2021 – 07.11.2021

Utstillinger

Andrea Scholze: Å bare være til

07.10.2021 – 07.11.2021
Utstillinger
TSSK banner webside

01.10.2021 kl. 18:00 02.10.2021 kl. 23:00

Arrangement

Manderlova

26. september kl. 16:30 kl. 17:30

Performance

Magdaléna Manderlová «Straw Bales»

26.09.2021 kl. 16:30 kl. 17:30
Performance
Manderlova

23. september kl. 17:30 kl. 18:30

Perfromance

Magdaléna Manderlová «Straw Bales»

23.09.2021 kl. 17:30 kl. 18:30
Perfromance
Manderlova

19. september kl. 16:30 kl. 17:30

Performance

Magdaléna Manderlová «Straw Bales»:

19.09.2021 kl. 16:30 kl. 17:30
Performance
Se hele kalenderen