Surnadal kommune søker kunstkonsulent
Links
Surnadal er en kommune med sterke tradisjoner og levende lokalsamfunn, hvor spørsmål om ressursforvaltning, fellesskap, tilhørighet og framtid står sentralt. Kommunen ser prosjektet som en mulighet til å invitere innbyggere, kunstnere og ulike fagmiljø inn i samtaler.
Surnadal kommune ønsker å utvikle eit varig kunstprosjekt som kan bidra til nye møteplassar, styrke fellesskap og skape rom for refleksjon og samtale fram mot Nasjonaljubileet i 2030.
Surnadal er kjend som Vårsøgbygda, men har også eit aktivt og mangfaldig visuelt kunstmiljø med profesjonelle kunstnarar, kunstforeining og ei rekke kunst- og kulturinitiativ. Kommunen ønsker gjennom Kunstlandskap MIDT å bygge vidare på denne ressursen og samtidig utforske korleis kunst i det offentlege rom kan bidra til å utvikle staden vidare.
Prosjektet tar utgangspunkt i Nasjonaljubileet sine verdiar – fellesskap, verdiar, identitet, arv og fornying – og ønsker å undersøke korleis desse kan få lokal relevans i ein kommune i utvikling. Surnadal er ein kommune med sterke tradisjonar og levande lokalsamfunn, men også med dei endringane og utfordringane som pregar mange distriktskommunar i dag.
Her er natur, samfunn og næringsliv er tett vevde saman. Kommunen representerer eit landskap der spørsmål om ressursforvaltning, fellesskap, tilhøyrsle og framtid står sentralt. Vi ser dette som eit rikt utgangspunkt for kunstnariske undersøkingar og ønsker ein kunstprosess som kan opne nye perspektiv på kva det vil seie å leve, arbeide og skape framtid i eit moderne distriktsamfunn.
Kommunen ser kunstprosjektet som ei moglegheit til å invitere innbyggarar, kunstnarar og ulike fagmiljø inn i samtalar om tilhøyrsle, framtidstru og kva som bind samfunnet vårt saman.
Plassering
Det er ikkje valt endeleg lokalisering for kunstprosjektet, men vi ønsker ei plassering der infrastruktur og allmen ferdsel allereie er etablert. Val av stad og kunstnarleg retning skal utviklast gjennom den vidare kunstprosessen. Kommunen ønsker at kunstkonsulenten bidreg aktivt til å identifisere potensial, utvikle kunstfaglege premissar og legge til rette for ein open og stadssensitiv prosess.
Surnadal søker ein kunstkonsulent som ser moglegheiter i langsiktig samarbeid og som ønsker å arbeide i skjæringspunktet mellom kunst, stad og menneske. Kunstkonsulenten vil få ei sentral rolle i å utvikle eit kunstprosjekt som kan bli ein varig del av kommunen sitt offentlege rom og eit viktig bidrag til markeringa av Nasjonaljubileet i 2030.
Prosjektbudsjett: 1 500 000 NOK
For fullstendig stillingsutlysing sjå vedlegg:
Kontaktperson: Lilli Husby
E-post: lilli.husby@surnadal.kommune.no
Telefon: 91112416
Søknadsfrist 03.09.2026